Jamtetinden

Jamtetinden (1101 moh) 

Turen til Jamtetinden er ein forholdsvis lett og veldig populær topptur på ski. Start frå skisenteret eller Reitasetra på Vistdalsheia.

Følg slakt sørover og kryss deg over eit par bekkar og skogsterreng før du når meir åpent myrterreng. Først held du venstresia opp ved det tydelege bekkefaret. Over skoggrensa kryssar du over til høgre og følgjer lettaste veg opp mot skaret mellom Nausteaksla og Jamtetinden. Frå skaret og opp er snøen som regel kraftig vindherja.

Under trygge snøforhold kan du renne ned att sørsia av Jamtetinden. Men det enklaste er å følgje same spor ned att som du kom opp. 
I heile dette området er det mange små botnar og lesider som kan skape  skredfare. Derfor er sporvalget som alltid, veldig viktig.

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Jamtetinden

Flere
Opplevelser