Kvitfjellet

Kvitfjellet (1381 moh)

Turen opp og ned frå Kvitfjellet er ein spennande tur, med fenomenal utsyn til alle kantar.

Kvitfjelletligg på vestsia av Eresfjord. Du starter frå Fjellgarden (500 moh) på Vistdalsheia. Ta først opp sørover mot kraftmastene og deretter slakare innover. Ikkje hald for høgt her, da kan du lett kome inn i skredterreng. Etter eit stykkje tar du svakt opp mot venstre og følgjer ei slå opp mot Uglehaugen. Herifrå er det fenomenal utsyn til alle kantar sørover langs fjellryggen til toppen.

Du møter ein liten bratt passasje midtvegs på ryggen. Her er det lurt å gå rett opp, ikkje ut på Eresfjord-sia. Der er det ofte lesnø og skredfare.
Opp mot toppen er det store overhengande snøskavlar på eresfjord-sia. Hald derfor trygg avstand og gå der du ser stein og fjell stikke opp.
Du kan ta same veg nedatt, men det det artigaste er å renne ned mot Håndedalen og setervegen vidare ned til fylkesvegen.

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Kvitfjellet

Flere
Opplevelser