Eidsvåg badeplass

Eidsvåg badestrand

Denne familievennlige badeplassen ligger knappe 2 km frå sentrum, rett attmed fylkesveg 660 på vegen til Eresfjord.

Badestranda er ein del av Eidsvågleira, eit våtmarksområde med rikt fugleliv. Eidsvåg badeplass er eit statlig sikra friluftsområde og er tilrettelagt med rampe for at alle, også dei som nyttar rullestol, kan komme seg ned på Eidsvågleira og ut i sjøen. Det er toalettbygg som er åpent på dagtid i sommersesongen.

Vil du oppleve sjøen på nært hold, er det mogleg å leige kanoer og kajakker som ligg lagra på badeplassen. For utlån av utstyr til padling ta kontakt med Nesset kommune, aktivitetssenteret , tlf 71 23 28 33.

Les om gratis kano-og kajakkutleige her.

Book kano/kajakk direkte her.

 

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Eidsvåg badeplass

Flere
Opplevelser