Skjorta
Skjorta (1711 moh)
Skjorta er eit imponerande fjell ved foten av Eresfjord og Kanndalen. Under gode snøforhold kan du få ei samanhengande nedkøyring på 1300-1400 høgdemeter.
Lettaste veg er via Kanndalen og opp forbi Madsvarden og vidare langs den austlege ryggen til topps. Den nordvendte sia oppunder Madsvarden kan vere skredutsatt. Du kan også gå ein meir direkte variant opp frå Kvidalen.
Skjorta er utsatt for vind frå søraust. Vanlegvis ligg ikkje nysnøen lenge før den er vindherja med fokkskavlar.
Dei mest stabile og fine forholda finn du på vårparten.