Kalvgjeltind
Kalvgjeltinden (1279 moh)
Kalvgjeltinden ligger på vestsia av Håndedalen, øverst i Vistdalen. Turen er dels krevjande, men turen ned att er vel verdt det.
Følg setervegen innover Håndedalen og ta av ned til elva og over brua til Haustengsetra. Derifrå opp skogen. Over skoggrensa er det lurt å halde svakt til høgre opp på den breie ryggen. Siste del av ryggen mot toppen er smal. Her må du kanskje ta av deg skia.
Så er det berre å danse seg nedover, omlag der du kom opp. Den tydelege store botnen rett under toppen bør du halde deg unna. Dette er skredterreng.