Det yra av liv på Tusenårsplassen på Falkhytta då Gossen Bygdekvinnelag inviterte til Torgdag laurdag. Med 14 utstillarar, Barnas Telt og eit overveldande kakebord kunne dei fleire hundre besøkande fylle posar med lokale varer og magen med nydelege kaker, samt slå av ein prat med kjentfolk. – Det sosiale er viktig for oss, fortel leiar i bygdekvinnelaget, Kjellaug Urdshals.