Etter tre års pause var endeleg instruktør Sveinung Dybvig tilbake på Gossen for å dele kunnskapene sine under årets Dragefestival. – Dragar er eit sosialt verktøy som involverer fleire generasjonar og nasjonalitetar. Dette handlar ikkje om dragen, men om menneska som flyg dei, meiner han.