Svarttinden
Svarttinden (1047 moh)
Svarttinden ligger på fjellpartiet mellom Vistdal og Eresfjorden. Dette er ein forholdsvis enkel og kort tur.
Start på Nerland i Vistdal og følg skogsvegen oppover. Alternativt kan ein velje den andre skogsvegen opp mot Gammelsetra. Båe alternativa går i forholdsvis slakt og fint skiterreng. Frå toppen er det utruleg flott utsikt til alle kantar.
I dette området er snøen ofte ikkje så påvirka av vind som andre stader. Same veg ned att. Alternativt kan du gå sørover ryggen mot Jamtetinden og ned derifrå.