Villaksens dag i Eresfjord 27-28 juli

Villaksens dag markeres i Eresfjord 27-28.juli 2019.
Laurdag er det infostand og aktivitetar ved Coop’n og Fjord Atmosfære.  Villakssti, quiz og «fiskedam» for barn.
På søndag er det aktivitetar i elva ved hølane Øvre og Nedre Fagerslett.

 På programmet står introduksjon og fisking for barn og ungdom, servering av frokost og lunch.

Her blir det mogleg å lære seg kasteteknikk og å vurdere korleis ein best kan fiske i elva. Ikkje minst blir det gode råd om korleis ein kan få inn fangsten. Ein god laksefiskar må også kjenne til fiskereglar og korleis ein kan setje ut att fangst. For den som ventar «på benken», blir det enkel servering av frukost/lunsj.

Du kan bruke eige desinfisert utstyr eller melde frå om du ynskjer å låne. Påmelding.

«Jenter i elva» er eit anna tema med introduksjon og fisking for damer. Og kveldsmat.

Villaksens dag er i regi av Norske Lakseelver. Det er plukka ut  27 elver i Norge og Eira i Eresfjord er altså ei av desse. Det er Eira Elveeigarlag og Nesset Jeger og sportsfiskerlag som er arrangør i Eresfjord.

Klikk her for å laste ned komplett program.

Påmelding via eresfjord.no og Nesset JSPFL

 

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Flere
Opplevelser