Turistskip Eresfjord 2019

Sommaren 2019 vil det komme 4 turistskip inn til Eresfjord og kaia på Nauste.

Tre anløp av skipet Albatros og eitt anløp av Artania. Det er Phoenix Reisen som er arrangør.

Turistskipa ankrar opp ute på fjorden og bruker tenderbåtar for å frakte sine passasjerar inn til kaia på Nauste. Der stiller Eira Husflid opp med sine salgsboder. Elles er det bussar som fraktar turistane rundt om, blant anna til Eikesdal og Mardalsfossen. Ein del ruslar også rundt i det idylliske området på Nauste.

Det er fjerde året på rad at det er besøk av cruisbåtar inn til Eresfjord.

Det er Molde og Romsdal Hamn i samarbeid med 7 Romsdalskommunar som står bak bookinga av cruisbåtane. Molde og Åndalsnes er andre hamner som skipa går innom. I 2018 var det tilsaman 120 anløp til dei tre cruisbåtdestinasjonane.

Den fullstendige cruisbåtlista kan du sjå her.

 

Anløpa til Eresfjord og kaia på Nauste i 2019 ser slik ut:

DatoSkipAnkomstAvgang
15.juniAlbatros07.0012.00
27.juliAlbatros07.0011.30
15.augustArtania08.0011.00
21.augustAlbatros07.0011.30

 

Meir om båtanløpa ser du også her.