Sjøvdøla

Sjøvdøla (1719 moh)

Sjøvdøla ligger på sørsida rett over Meringdalen i Eresfjord. Dette er ein typisk vårtur på ski.

Som regel må du på denne turen starte med skia på ryggen opp den forholdsvis bratte skogslia opp mot Røndølskarsvatnet. Om det er trygg is kryssar du vatnet. Hvis ikkje, hald du deg på venstresia under Nebba. Deretter dreier du svakt opp til venstre i ein  liten dal til du når brevatnet ca 1000 moh.

Derifrå kan du enten følgje ryggen opp på høgresida, eller ta rett over brevatnet og opp det gamle brefallet. Vel oppe kryssar du til venstre over bre og snøområdet  og opp ei lita kneik til hovedryggen av Sjøvdøla. Derifrå beint fram opp til toppen der siste biten bratnar litt til. Same veg ned att.