Nessethallen

Fleirbrukshallen i Nesset

Nessethallen i Eidsvåg er ein fleirbrukshall med blant anna håndballbane, basketball og volleyball, samt klatrevegg med 15 sikringslinjer og ei høgd på 10,4 meter.

Nessethallen har ei aktivitetsflate på 22 x 44 meter. Det merka opp til håndballbane, minihåndball, 2 basketball-banar, 2 badmintonbanar og 4 volleyball banar (den eine på langs i hallen kan brukast ved turneringar etc.) Hallen kan delast inn i 3 deler ved hjelp av nedsenkbare skilleveggar. Dette er ikkje lydtette veggar. Der er mulig å ha fleire aktivitetar parallelt.

Utleige etter avtale
Det er fire garderobar med tilhøyrande dusjar. Det er lett tilkomst til garderobane. Klatreveggen er montert i østre ende av hallen. Med henvisning til Norsk klatreforbunds krav til kompetanse, er ansvaret for klatrevakt, sikkerhet og HMS satt bort til Klatregruppa i Eresfjord idrettslag i form av ein signert avtale. Alle romma i hallen kan leigast ut. Grunnskulen og andre kommunale tenester disponerer hallen i skuletida. Dersom det er aktuelt å leige heile eller deler av hallen innan skuleåret/skuletida må det gjerast særskilt avtale med kommunen.

(Kilde: Nesset kommune)

Les meir om hallen her. 

Meir om klatreveggen her.