Nesset Prestegard

Nesset prestegard – Bjørnstjerne Bjørnson sin Barndomsheim

”En av de skjønneste gårder i landet, som den ligger der bredbarmet mellom to møtende fjorder med grønt fjell over sig, fossefall og gårder på den motsatte strand, bølgende marker og liv inne i dalbunnen, og utover langs fjorden fjell med nes i nes skytende ut i sjøen og en stor gård ute på hvert… Her vokste mine inntrykk…”Bjørnstjerne Bjørnson

Slik beskriv Bjørnstjerne Bjørnson barndomsheimen sin, Nesset prestegard i forteljinga Blakken. Namnet på garden, Nesset, stammar truleg frå vikingtida og har gjeve namn til heile kommunen. Frå gamalt av har det vore om lag 20 bygningar på garden, men i dag er det berre 11 som står att, og 10 av dei er freda. Dei husa vi vil omtale her, er dei 7 som utgjer tunet og i tillegg kvernhuset som står nede ved vegen.

Det er uklart når Nesset vart prestegard, men den første presten vi kjenner til, budde der fra om lag 1590. Vi vil nemne nokre av prestane: Lorentz Schnitler (1755-65) var den første presten som førde kyrkjebok,Jonas Frost (1804-25) vart kalla jordbrukspresten,Johan Wegede (1825-37) var skulepresten, han fekk i gang den første fastskulen i Nesset på Prestneset i 1835.Peder Bjørnson (1838-1853) far til Bjørnstjerne Bjørnson, vert omtala som ein streng men rettskaffen prest og dette førte til ein del konfliktar.Johan Theodor Thorsen (1896-1904), innførde forpaktar på garden, og gjorde mykje vedlikehald og utbetringar på bygningane. Han fekk sett opp ny moderne driftsbygning.Ivar Mathias Fredrikson Hals (1933-47), var prest under krigen, men la ned embetet sitt i 1942, saman med andre prestar, og fungerte da som varaordførar.

Inger Elise Bjørnson, Bjørnstjerne si mor, har planta aska som står på tunet, saman med askealèen som går ned mot Prestneset. Tuntreet er planta i ei av gruene i den gamle hovedbygninga som stod her. Det var opprinneleg to asker; ”Presten og Prestfrua”, men i dag er det berre ”Prestfrua” som står att. Bautaen som står nedom hovudbygninga, vart reist 29. juli 1921, av ungdommar i bygda til ære for bygda sin store diktarson. Karoline Bjørnson gav bronserelieffet av Bjørnstjerne som er innfelt i steinen.

Hovudbygninga

Den gamle hovudbygninga frå 1702 som stod der da familien Bjørnson kom til Nesset var i så dårleg stand at Peder Bjørnson sende brev til kongen med søknad om å få bygge ei ny. Han søkte òg om å få låne om lag 1200 spesidalar. Etter mykje om og men fekk han endeleg pengane, og bygginga kunne starte. Nyhuset stod ferdig i 1846. Det vart gjort lite med bygningen fram til 1895, da sokneprest Thorsen gjorde ein del utbetringar. Etter dette har huset vore modernisert fleire gonger. I ei av rutene i 2. etasje har Bjørnstjerne rissa inn namnet sitt med mora sin diamantring.

Almuens Herrestue

Bygd 1815-16. Almuen eigde og hadde ansvaret for dette huset. Herrestua var representasjonsbolig på prestegarden, og kongen, biskopar, andre geistlige og embetsmenn budde her når dei var på besøk. Da Thorsen tilsette ein forpaktar kring 1900, vart huset forpaktarbolig, og var det heilt fram til 1971. Thorsen gjorde òg ein del vedlikehald og endringar mellom 1900-25. På ein bjelke i trappa ser det ut som Bjørnstjerne har prøvd å risse inn namnet sitt. Møblane og inventaret er samla inn frå folk i kommunen.

Borgstua

Alderen på dette huset er vanskeleg å fastslå, men truleg er ho bygd opp ein gong mellom 1757-60, reve ned igjen, bygd opp igjen mellom 1766-75, så reve ned igjen og bygd opp att med loft kring 1850. Borgstua var det offentlege romet på Prestegarden. Den har vore brukt som tingstue, drengestue, skulerom, møterom og snikkarverkstad og ho vart brukt til konfirmantundervisning fram til 1927. Bjørnstjerne brukte å gøyme seg her inne nå han hadde gjort noko gale, og her lærte han den folkelege forteljarkunsten å kjenne. Det var òg her dei første avhøra av Per Hagbø føregjekk (dømt for eit drap i 1841 og seinare halshogd i 1842), som Bjørnson seinare skreiv om i ”Eit stygt barndomsminne”.

Eldhuset

Dette huset vart frå gamalt av kalla Stør- og Bagerhus, men vi kallar det eldhus. Det er truleg sett opp på slutten av 1700-talet, eller byrjinga av 1800. Kring 1860 vart det teke ned og heva med 3-4 stokkar. Frå gamalt av var det to opne skorsteinsgruer, ei i kvart av romma, og inventaret som er der i dag, kom kring 1900. Eldhuset var grovkjøkkenet på garden i gamle dagar. Det ytste rommet vart brukt til slakting. Steinomnen er restaurert og framleis i bruk. Omnen tek om lag 18 brød i gongen.

Stabbur

Det er to stabbur på tunet: Prestestabburet og tiendestabburet. Tiendestabburet vart brukt til innkreving av tiende/skatt i middelalderen og mista funksjonen sin etter at formannskapslovene kom i 1837. Det nordre stabburet er det eldste huset på garden bygd kring 1630 og vart sett i stand i 2015. Det søndre stabburet, prestestabburet, har fått nytt fundament fleire gonger.

Driftsbygninga

Tidlegare var dyra på garden i forskjellige hus. Dei var forfalne da sokneprest Thorsen kom til garden i 1896, og han bygde ein ny driftsbygning som sto ferdig i 1902. Han brukte lokal arbeidskraft, så midlane han fikk i støtte gjekk tilbake til bygdefolket. Bygninga var i bruk fram til forpaktaren flytta i 1971, og utleigd til dyrehald fram til 1990. Fjøsen er no ombygd til kulturhus og museum.

Kvernhuset

Det kvernhuset som står der no, stammar fra kring 1840. Kverna var viktig på større gardar. Kring 1960 vart kverna restaurert. I 2007 vart det montert ny kvernkall slik at kverna no kan brukast når det er passelig med vatn i bekken.

Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Martinius Bjørnson vart født 8.desember 1832 på prestegarden Bjørgan i Kvikne i Østerdalen. Da han var 5 1/2 år fekk faren prestekall i Nesset. Familien kom til Nesset 11. april i 1838. Bjørnstjerne var eldst av fem søsken. I Nesset lærte han seg den munnlege forteljartradisjonen av husmannsfolket og drengane på garden. Dette førde han seinare vidare i bondeforteljingane sine. I 1844 reiste han til Molde for å gå på skule. Her vart han fort kjend som ”Langfjordsbjørnen”. I 1850-52 gjekk han på Heltbergs studentfabrikk i Christiania (Oslo) men fekk ikkje eksamen før i 1854. I mellomtida hadde han vore heime i Nesset og vore lærar for småsøskena sine. Peder Bjørnson var på den tida midt oppe i ein vanskeleg rettssak med ordføraren; Kaptein Lied og vart frådømd stillinga si ei kort stund, men vart frikjend av høgsterett i 1852. I 1853 flytta familien til Søgne.

I 1857 kom det litterære gjennombrotet til Bjørnstjerne Bjørnson, med bondeforteljinga ”Synnøve Solbakken”. Han gifta seg med Karoline Reimers i 1858. I 1863 fekk han som første norske diktar diktergasje frå staten. ”Ja, vi elsker” vart Norges nasjonalsang i 1864. Bjørnson var mykje på reise rundt om i verda, og var politikar og talsmann for dei svake i samfunnet i tillegg til å vere forfattar. Han var og opptatt av kristendom og moraldebatt. Som forfattar var han mangfoldig, og i 1903 fekk han Nobels litteraturpris for heile forfattarskapen sin.

Han reiste fleire gonger på besøk til Nesset etter at familien hadde flytta herifrå, og i mykje av diktinga hans kan vi finne igjen personar, stader og hendingar frå Nesset. Dette gjeld spesielt bondeforteljingane, men og i lyrikken og i andre forteljingar. I eit brev til Alexander Kielland i 1902 skreiv han: ”..jeg er Romsdøl. Der blev jeg til, av det land og folkefærd er jeg særpreget: .. så der lever jeg med til min død.” I 1909 vart han ramma av slag, og reiste til Paris for å få behandling. Han døydde i Paris 26. april 1910. Det siste han skreiv var: ”De gode gjerninger redder verden.” som var overskrifrta til eit dikt om polske fabrikkarbeidersker. Diktet vart aldri ferdig.

For meir spanande informasjon om Bjørnson og Nesset prestegard må du komme og besøke oss.

Vel møtt!

Prisar:

  • Voksen: 110,-
  • Pensjonister/studenter: 90,-
  • Barn 6-15 år: 50,-
  • Barn under 6 år i følge med voksen: gratis
  • Grunnskoleelever i Romsdal: gratis. Se egen info om skole og barnehagetilbud med online booking.
  • Videregående og skoler utenfor Romsdal: 50,-
  • Grupper over 30 personer: 90,-
    Full pris utenom sesong og åpningstid for alle avdelinger unntatt Krona, som har sesong hele året.

Åpningstider 2019:
16.06.–11.8.: Tirsdag – søndag; 11.00–16.00 Mandager stengt.
Nesset prestegard er tilgjengelig for grupper hele året – ta kontakt for avtale.

Kontakt oss for omvisning eller leie av lokaler:

Romsdalsmuseet
Per Amdams veg 4 , 6413 MOLDE
Kontaktperson: Bjørn Ølander tlf. 414 18 816 / [email protected]
Tlf. sentralbord: 71 20 24 60 / [email protected]

Utleige:

Grishuset; møterom for inntil 15 pers
Kufjøsen: konsert for 150 pers, dekke bord for 90 – 100 pers
Sauefjøsen: foredrag med lyd og bilde/konsert for 80 pers, dekke bord for 50-60 pers.