Mardøla 2020

Eikesdal 7-8.august

I vinter er det 40 år sidan Alta-aksjonen. Den største og mest markante aksjon for vern av natur og mot øydelegging av næringsgrunnlaget for samebefolkninga i Norge. Ti år før dette, i 1970 aksjonerte naturvernarar, akademikarar og lokale bygdefolk i fjellet over Mardalsfossen i Eikesdal.

Ein ville stanse bygginga av anleggs-vegen som var starten på utbygginga av Grytten-anlegget og tørrlegging av Mardalsfossen. På mange måtar var
Mardøla-aksjonen ein forløpar for aksjonane i Alta og kan ha medverka til at bygdene i Masi i Finnmark ikkje vart neddemt.

Mardøla-aksjonen var første gongen ein kjenner til at urbane naturvernarar, bønder og bygdefolkgjekk saman i ein ikkje-valdeleg sivil ulydnadsaksjon i kamp fornatur og naturressursar.

Ja, dette skal vere den første aksjonen i sitt slag i verden. Fleire markante
personar var med saman med bygdefoket i 1970, som for eksempel filosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy Setreng.

Ved å løfte fram hendingane for 50 år sidan ynskjer vi ikkje berre å fortelje historia om aksjonen, men også sjå på korleis dette har innverka på samfunnsdebatten i tida etter og fram til dagens miljø- og klimadebatt.

50-årsmarakeringa av Mardøla-aksjonen er i Eikesdal 7-8.august 2020.

  • Fredagen blir ein fagdag med Mardøla-seminar og bygdakveld.
  • Laurdag er det Eikesdalsdagane og på kvelden er det konsert med Ellla Marie Hætta Isaken og bandet ISÁK.

Meir om Mardøla-2020:
https://www.eresfjord.no/lagorg/mardola-2020

Om oss:

Initiativet til å markere at det i 2020 er 50 år sidan Mardøla-aksjonen i 1970, kjem frå ei gruppe av fire privatpersonar/idealistar som bur i Eikesdal og Eresfjord. Alle var unge i 1970 og hendingane den gongen var skjelsetjande for oss som for mange andre. Arrangementet skal vere i Eikesdal 7.-8. august 2020.

Arbeidsgruppa har som formål å samle og formidle informasjon om Mardøla-aksjonen og klassisk naturvern samt bidra til formidling om vern av natur i eit historisk og framtidsretta perspektiv.