Laster Hendelser

Sæter, Hyldbakk og Mauset – litteratur med tonefølge

Kultur

Svein Sæter kåserer om den ferske boka si, «Krig. Mor. Bror», på Nesset folkebibliotek. I tillegg byr han og musikaren Karstein Mauset på eit varmt møte med Hans Hyldbakk, gjennom den nye utgåva av Hyldbakks klassiske bok «Ei haustferd på Nordmøre 1934».

Boktittelen til Hyldbakk er sant å seie misvisande. På rundturen sin i 1934 var han nemleg grundig innom Nesset også, og skriv på umiskjenneleg vis om Vistdalen, Boggestranda, Eidsvågen og andre bygder.

Sterk krigshistorie
Vi startar kvelden med den nye boka til Svein Sæter. «Krig. Mor. Bror» (Samlaget) er omtala som ei lysande bok om den mørkaste tida i menneskets historie. Ei bok om menneskeverdets seier over barbariet. Om dette fortel Sæter medrivande, i ord og bilde.
Historia startar i november 1943. I same natt blir to brør tatt og torturert av Gestapo; Milorg-leiar Ottar Haugland og tungtvannssabotør Knut. Knut gjennomfører ei utruleg flukt. Ottar svelgjer ei sjølvmordspille.
Heime på Rjukan dør far Olaf i ei meiningslaus ulykke. Mor Gunnhild begynner å skrive dagbok, i sorg og angst og kamp for gutane sine.
For Ottar får eit liv etter sjølvmordspilla. Eit liv i dødsleiren Stutthof ved Gdansk. Der finn han blyant og papir. I kampen for å overleva barbariet har fangane berre eitt våpen: solidaritet. Det trengst. No ventar Dødsmarsjen.

Vandraren Hyldbakk
På biblioteket presenterer Sæter saman med Karstein Mauset også den nye utgåva av «Ei haustferd på Nordmøre 1934», truleg Hans Hyldbakks mest etterspurte bok. Dette er første gongen ho blir gitt ut igjen, og det skjer i regi av Surnadal Heimbygdlag.
Musikaren Karstein Mauset er ein framifrå Hyldbakk-tolkar. Med gitar og song byr han både på eigne komposisjonar og på andre kjente tonar frå songskatten etter Hyldbakk.
Hans Hyldbakk var ein vandrar. Vårsøg-diktaren var på sitt beste når han møtte menneske og bygder. Derfor har «Ei haustferd på Nordmøre 1934» vore ein sterkt etterspurt klassikar. No er boka endeleg å få i nyutgåve.

Vi serverer kaffe og litt biteti mellom bøkene.

Detaljer
Dato: 25. november 2019
Tid 19:00 - 21:00
Kategori: Kultur
Sjanger: Foredrag
Pris: Gratis
Sted
Lokasjon: Nesset folkebibliotek
Adresse: Kråkholmvegen 2
6460, Eidsvåg
Arrangør
Telefon: 71 23 11 96