Goksøyra

Goksøyra (1315 moh)

Det aller vakreste utsynet over Eresfjord må du jobba litt for, men inntrykket er mektig når du først står på toppen.

Goksøyra er det majestetiske fjellet som reiser seg rett opp frå den flate bygda Eresfjord.  På ski er det enklaste å gå opp på «baksia». Ta vegen opp mot Kanndalen, men stopp på ein lunneplass før Bjørbakkbrua. Følg skogsvegen og deretter stien opp mot Ufsalen. Her er det skog og litt bratt, kan hende må du bære skia nokre parti.

Frå Ufsalen følgjer du flatare terreng sørover, deretter svakt opp til høgre forbi Kvilhaugbotn og vidare til toppen.  Herifrå har du eit storslått utsyn, også rett ned mot bygda. Nedrenning omlag same veg som du kom opp. 

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Goksøyra

Flere
Opplevelser