Fjord Atmosfære

Kafe

Ein møtestad i Eresfjord

Langt frå byens kjas og mas, mellom høge fjell i Idylliske Eresfjord finn du kaféen Fjord Atmosfære. Her kan du kjenne på det urbane sjølv på bygda- nyt ein kaffedrikk blant storslått fjellutsikt!

Vi har bygdas einaste kaffemaskin- La Marzocco- og brukar kun kvalitetsbønner frå Jacu kaffebrenneri. Bygdafolk og kjentfolk har vi på besøk, vi har sommargjestar, haustgjestar, påskegjestar, julegjestar, utpåtur-gjestar, ifartagjestar, fjellgjestar. Vi har selskap, møter, middagar og finare middagar. Vi har julebord og andre bord. Vi har festar, quizzar og mange andre påfunn og arrangement. Vi ønskjer å vere med å skape liv i bygda, samarbeid og kultur.

Månge vel å legge møter og middager hjå oss, og vi leverar også mat til tilstelningar utanfor kaféens dører.
I kvardagen har vi åpen tre dagar i veka i tillegg til ulike arrangement på kveldstid. I sommarsesongen har vi utvida åpningstider – følg med oss på Facebook eller Instagram.

– helgakaffi rundt langbordet- god atmosfære- bygdafolk og kjentfolk- kvardagsmat og finare mat-