Fjellstyret sine hytter

Hytter til leige i Stordalen og ved Aursjøen

Nesset Fjellstyre har hytter for utleige ved Aursøen og på Kaffehaugen i Stordalen. Fjellstyret selger kort for både småvilt og fisking.

Nesset Fjellstyre forvaltar Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Les meir om statsallmenninga her.

Etter Aurautbygginga på 1950-talet overtok Nesset Fjellstyre ei anleggsbrakke ved Aursjøen. Den er i tilnærma original stand. Nesset Fjellstyre har her laga ei fotoutstilling som syner aktivitet i og kring Aursjøen frå steinalder fram til moderne tid. Vi kan nemna steinalderbuplassar, jakt- og fangstaktivitet, seterdrift, turistferdsle og kraftutbygging. Brakka står open og adgang er gratis.

Les meir om fotoutstillinga her.