Eresfjord småbåthamn

Eresfjord Småbåthamn

Eresfjord Småbåthamn ligg inst inne i Langfjorden i Eresfjord.

Med den siste utbygginga av ekstra flytebrygger i 2012 er tal båtplassar utvida frå 34 til ca 50 plassar.
Hamna har gjestebrygge, klubbhus, eit lite parkanlegg med grillhus og stor danseplatt med scene. I klubbhuset kan du få tilgang til både dusj, toalett og moglegheit for å vaske klede.

Båthamna har også eit lite lysthus, som kom på plass i 2012, som medlemmane har adgang til.
Hamna har båtoppdrag som du kan sjøsette eller ta opp båten din med tilhenger.

Les meir om hamna