Bygda Rundt

Eresfjord: Bygda Rundt

Sykkelbygda Eresfjord inviterer kvart år til Bygda Rundt på Kristi Himmelfartsdag.

Bygda Rundt er eit tradisjonsrikt arrangement på Kristi Himmelfartsdag som har vore arrangert i Eresfjord kvart einaste år sia 1977. Arrangementet fokuserer på fellesskap og samhold, og passar for alle aldrar og fysiske forutsetninger.

Som deltaker syklar du den omlag 13 km lange vegen rundt bygda i den farta du finn best. Etterpå er det samling på kaféen på Coop Eresfjord, der det er trekking av premiar. Hovedpremien er eit gåvekort på kr. 4000,-.

Les meir her.